Støtte til kultur- og naturbasert næringsutvikling 2026

For 2026 er det anledning til å søke om midlar til kultur- og naturbasert næringsutvikling. Interkommunalt politisk råd (IPR) for Nord-Gudbrandsdal definerer kultur- og naturbasert næringsutvikling som ein aktivitet med kommersielt fokus som byggjer på regionen sin natur- og kulturrikdom. 

IPR ønsker at aktivitetane kan bidra til ei utvikling og modernisering av næringar innan opplevingar i regionen, og at dei skal gje økonomiske ringverknader. Eksempel på økonomiske ringverknader kan vera overnatting, servering, transport, varehandel, honorar til friviljug sektor m.m. 

Søknadsfrist: 01.02.2026 Søknaden med budsjett og finansieringsplan sendast til: e-post@regionkontoret.no.

Søknadsskjema (PDF, 83 kB)

 

Retningsliner for å søke: 

Løyvingar skal tildelast etter desse retningslinene: 

  1. Aktiviteten skal ha privat eller friviljug eigarskap. 
  2. Aktiviteten skal ha kommersielt fokus som gjev økonomisk effekt for bedrifter og/eller frivillig sektor. 
  3. Årvisse aktivitetar med underskot over fleire år må vise til nødvendig omstilling/utvikling for å bli prioritert. 
  4. Arrangør skal leggje fram eit budsjett med minimum 50 % eigeninnsats i form av billettinntekter, salsinntekter, eigenkapital og/eller arbeidsinnsats. 
  5. Aktiviteten skal eigast av ein registrert organisasjon (registrert i foretaksregister eller frivilligheitsregister). Som hovudregel skal forretningsadresse vera i Nord-Gudbrandsdal. 
  6. Kostnader til fysiske investeringar kan ikkje vera ein del av søknadsgrunnlaget 
  7. Aktiviteten skal gjennomførast i Nord-Gudbrandsdal. 
  8. Aktiviteten bør ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensial. 
  9. Aktivitetar som fremjar samarbeid blir prioritert.

 

Hvordan fylle ut søknadsskjema:

  1. Last ned PDF-fila (søknadsskjema) på din PC. 
  2. Åpne fila i det PDF-programmet du har innstallert på din PC. Du kan laste ned PDF-programmet Acrobat Reader gratis her: https://get.adobe.com/reader/
  3. Når du har åpnet fila, klikker du med musepekeren inne på de feltene du skal fylle ut. Da blir de ulike feltene aktivert, og du kan skrive inn dine opplysninger. 
  4. Skriv korte tekster. Vi vil at du som søker korter ned og spisser budskapet, og grunnlaget for søknaden. Enkle budsjett kan legges ved som vedlegg. 
  5. Lagre ferdig utfylt skjema lokalt på din PC. 
  6. Send utfylt søknadsskjema til: e-post@regionkontoret.no