🎉 Gode nyheiter frå Region Nord-Gudbrandsdal! 🎉

Region Nord-Gudbrandsdal, med Vågå kommune som søkarkommune, har fått 2,58 millionar kroner i tilskot frå Helsedirektoratet gjennom Helseteknologiordninga 2026 💙

Prosjektet «Økt sjølvstende og betre helse med digital heimeoppfølging» er eit viktig samhandlingsprosjekt mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, i tett samarbeid med Sykehuset Innlandet.
Målet er betre samanhengande pasientforløp, meir tryggleik og meistring for innbyggjarane – og meir berekraftige helsetenester for framtida.

I prosjektet er Region Nord-Gudbrandsdal vertsregion, med prosjektansvar på vegner av regionane:
👉 Valdres
👉 Sør-Gudbrandsdal
👉 Nord-Gudbrandsdal
👉 Sør-Østerdalen

Ei stor takk for tilliten – og for det sterke samarbeidet på tvers av kommunar, regionar og nivå i helsetenesta 🙌
No gler vi oss til å ta fatt på arbeidet i 2026!

Lurar du på kva digital heimeoppfølging betyr i praksis? Sjå filmane her 👇