Så var årets Regionmeisterskap for Elevbedrifter i Nord-Gudbrandsdal over, med rekorddeltaking. Heile 27 elevbedrifter, 117 elevar, 12 lærarar, 23 jurymedlemmar, og 4 arrangørar var i sving i år. Med inviterte gjestar var vi totalt sett ca 180 personar på arrangementet.
Ein kan berre ta av seg hatten for så mange gode idear, kreative stands, framifrå haldningar, og rett og slett ein gjeng svært trivelege, og ikkje minst flinke ungdomar vi har i regionen. Vi vaksne vart både engasjert, imponert og motivert av dykk 🙌🏼 Gratulerer med vel gjennomført til alle elevar, lærarar, jurymedlemmar, sponsorar, konferansier og Ungt Entreprenørskap Innlandet for svært godt gjennomført 👏 vi gler oss alt til neste års Regionmeisterskap ♻️ #ueinnlandet #interkommunaltpolitiskråd #nordgubrandsdal Lesja kommune Dovre kommune Sel kommune Vågå kommune Lom kommune Skjåk kommune Skåppå Eidefoss SpareBank 1 Lom og Skjåk SpareBank 1 Gudbrandsdal
Plasseringar
Beste team
- Skjåk Ost og Smør EB – Skjåk barne- og ungdomsskule
- Cervogic EB - Otta ungdomsskule
Beste kundeoppleving
- Skjåk Ost og Smør EB – Skjåk barne- og ungdomsskule
- Dombås Bilvask EB – Dovre skule
Beste grøne entreprenør
- Cervogic EB – Otta ungdomsskule
- Skjåk Ost og Smør EB – Skjåk barne- og ungdomsskule
Nyskapingsprisen
- Storaurin EB – Dovre skule
- Brannsikkerlader EB – Otta ungdomsskule
Beste elevbedrift
- Skjåk Ost og Smør EB – Skjåk barne- og ungdomsskule
- Cervogic UB – Otta ungdomsskule
Desse bedriftene går vidare til Fylkesmeisterskapet på Kulturhuset Banken, Lillehammer den 27. mai:
- Skjåk Ost og Smør EB (Skjåk)
- Happy Bites EB (Skjåk)
- Cervogic EB (Otta
- Storaurin EB (Dovre)
Vi gratulerer prisvinnarane med særs gode prestasjoner og godt arbeid, og ønskjer lykke til på Fylkesmeisterskapet på Lillehammer!