Stillingsannonse - 100 % fast stilling som innovasjonsrådgjevar - Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal (Regionrådet)

Søknadsfrist 01.03.24

Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen (IPR) har i perioda 2019-2023 gjennomført ei prosjektbasert satsing for å styrke innovasjonsarbeidet i dei 6 kommunane i regionen. Dette arbeidet blir no vidareført på permanent basis. Parallelt med innovasjonssatsinga er det i 2023 etablert ein ny struktur og ei ny plattform for det avtalebaserte, interkommunale samarbeidet om ulike tenester – forkorta INSAM.

Vi lyser ut 100% fast stilling som rådgjevar med ansvar for tilrettelegging av INSAM og vår vidare satsing på innovasjon.

Vi søkjer deg som

  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • tek initiativ og er utviklingsorientert 
  • skaper engasjement og gode rammer for samarbeid med kollegaer og eksterne partnarar
  • har erfaring med bygging og vedlikehald av faglege nettverk
  • kan dokumentere god resultatoppnåing 

 

Om stillinga

  • Du vil rapportere direkte til dagleg leiar og arbeide i grensesnittet mot kommunedirektørane og sektorleiarane i kommunane
  • Stillinga føreset brei kontakt med fylkeskommunale og statlege miljø, verkemiddelapparatet og akademia
  • Arbeidsoppgåvene har stor politisk merksemd både i regionen, i fylkeskommunen og på statleg nivå

 

Arbeidsoppgåver

  • Hovedansvar for innovasjons- og utviklingsarbeidet forankra i 4-årig strategiplan og årlege handlingsplanar for IPR
  • Legge til rette årshjulet for oppfølging av Handbok og Viljeserklæring for interkommunalt samarbeid (INSAM) i tett samarbeid med kommunedirektørane
  • Akkvisisjon av eksterne midler til innovasjons- og utviklingsarbeid
  • Saksutgreiing og sakshandsaming i samarbeid med dagleg leiar
  • God kjennskap til offentleg sektor og et breitt samfunnsengasjement
  • Erfaring med sakshandsaming
  • Utdanning på bachelor- eller masternivå. Særleg relevant praksis kan kompensere for formell utdanning
  • Kunne initiere og styre prosessar og prosjekt
  • Ha ei uttalt serviceinnstilling
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med sosiale media
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne 
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Ei fleksibel stilling der du arbeider med kjerneoppgåver for kommunesektoren 
  • Løn etter avtale
  • Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kontorstad:        Skansen 7, 2670 Otta.

 

Søknad

Nærare informasjon om stillinga kan gjevast av dagleg leiar Frode Damstuen, tlf. 90915501. Søknad sendast på e-post til e-post@regionkontoret.no 

For meir info viser vi vil heimesida vår www.nord-gudbrandsdal.no

Kontakt

Frode Damstuen
Dagleg leiar
Mobil 909 15 501