Digital forvaltning

Med dagens datateknologi  blir  fleire og fleire oppgåver robotstyrt.  Dette gjev utfordringar i ei risikovurdering.

Mange av oss har allereie opplevd digitalisering, ettersom staten har kome langt i utviklinga. Lånekassa, NAV og andre etatar krev maskinell kommunikasjon. Vi må nå alle gjennom altinn for å få eller sende opplysningar.

Kommunane kjem fort etter. Mot kontrollmiljøet gjev dette utfordringar. Forvaltningsavgjersler er basert både på regelbundne og diskresjonære (skjønnsmessige) vurderingar.  Dei regelbundne avgjerslene kan håndhevast greitt. Alder, kjønn, sivilstand og liknande gjev absolutte verdiar som kan handsamast maskinelt. Noko annleis blir det med skjønnsmessige vurderingar som rimeleg, tilstrekkeleg og liknande.

 

I kontrollsamanheng må vi ha nokre problemstillingar i bakhovudet . Umiddelbart kan ein vurdere faglege og tekniske kontrollpunkt:

Personrettar/vern – kva sikkerheit har vi for at opplysningar blir korrekt handsama og lagra?

Innsyn – har vi den lovmessige oversikta over sakshandsaminga?

 

 

Vi har allereie erfart ei akselererande utvikling. Det er da naturleg å stille spørsmål om framtida. Det er på det reine at digitaliseringa gjev andre arbeidsoppgåver til ein del medarbeidarar.  Til dels blir også ein del menneskelege operasjonar overflødige. Vil dette gje andre påverknader? Medarbeidaren treng streng tatt ikkje sitja i eit bestemt kommunehus for å utføre arbeidsoppgåvene.  Då kjem ein til eit  politisk spørsmål med kommunestruktur. Kan ein vurdere både  utfordringar og moglegheiter?

Kommunal rapport har eit debatt/meiningsinnlegg om spørsmålet. Ein tankevekkar som er verdt å lesa.

https://kommunal-rapport.no/meninger/debatt/2018/11/digitalisering-endrer-kommunesektoren-ogsa