Ny kommunelov

Det er nå vedteke og sanksjonert ny kommunelov. Lova trer i kraft «når Kongen bestemmer», altså når regjeringa gjer vedtak om det. I praksis vil dette bli gjort når det er utarbeidd forskrifter til lova.

Oppgåver:

For kontrollutvala vil ikkje lova gje store endringar i arbeidsoppgåvene. Utvalet skal fortsatt ha tilsyn på vegne av kommunestyret. Ansvaret og myndet er presisert i § 23-2. Kontrollutvalet skal ha tilsynsansvar med:

  • Rekneskapsrevisjonen
  • At forvaltninga er i samsvar med reglar og vedtak
  • Forvaltningsrevisjonar
  • Eigarinteresser i selskap m.v.
  • Oppfylging av vedtak etter revisjonsrapportar

 

Revisor:

Revisjonsoppgåvene er for det meste vidareført slik dei var tidlegare. Revisor skal vurdere om rekneskapen er i samsvar med lovverket og sjå etter at den økonomiske internkontrollen er i orden. På grunnlag av dette skal revisor gjeva uttale til kommunestyret.

Nytt er at rekneskapsrevisor skal gjennomføra ein forenkla etterlevingskontroll. I denne skal revisor sjå etter at økonomiforvaltninga i hovudsak er i samsvar med reglar og vedtak.

 

Organisasjon:

Kontrollutvalet skal nå ha fem medlemmer, ei utviding frå tre. Leiaren skal ikkje vera frå same parti som ordføraren. Dette har i stor grad vore praksis, men er nå kodifisert i lova.

Organiseringa av interkommunale samarbeid, og dermed  SKNG, blir noko endra.  Samarbeidet skal nå organiserast som eit kommunalt oppgåvefellesskap.  Medlemmene i dette styret kan ikkje etter endringa veljast til kontrollutvalet. I dag er styret samansett av leiarane i kontrollutvala i 6K, men etter endringa må dei einskilde kommunestyra velja  eit eige representantskap som øvste organ.

 

Sekretariat:

Lovendringa presiserer uavhengigheita til kommuneadministrasjonen. Tilhøvet blir nærare presisert i forskrift. Sekretær vil heller ikkje vera valbar til kommunale verv.  

 

 

Internkontroll:

Den nye lova presiserer og styrkar krav til internkontrollen i kommunane. Kommunedirektøren (før:rådmann) er ansvarleg for denne. Lova krev systematisk kontroll med verksemda for å sikre at lovar, forskrifter og vedtak blir fylgde. Internkontrollsystemet skal omfatte  oversikt over verksemda, prosedyrar og avvikshandsaming.

 

Statlege tilsyn:

Lova fastset ei samordning av statlege tilsyn via Fylkesmannen. Fylkesmannen skal drøfte prioritering og gjennomføring med kommunane.

 

Verknad:

Det ser ut som om den nye lova gjev betre kommunikasjon med fylkesmannen. Styrking av den kommunale internkontrollen skulle ha same verknad. Dette gjer betre arbeidsforhold for kontrollutvala.