Vergemål

Vergemål er tema som blir omhandla i media for tida. Dette i kjølvatnet av den såkalla Tolga-saka. Av den grunn har eg laga ein kort oversikt over kva vergemål inneber.

Vergemål er heimla i lov om vergemål med forskrift. Å bli sett under vergemål er eit sterkt inngrep i sjølvråderetten, noko som gjev strenge krav til utferda av myndet.  Fylkesmannen er vergemålsmyndigheit.

Med personar under vergemål meinast:

  • Personar under 18 år
  • Personar over 18 år, som  er sett under vergemål

Lova regulerar adgangen desse har til å sjølve  å gjera rettslege handlingar eller rå over eigne midlar. For mindreårige gjeld reguleringane berre der det ikkje er omfatta av foreldreansvaret etter barnelova.

 

Vaksne, den som er fylt 18 år, kan settast under vergemål om vedkomande ikkje er i stand til å ta i vare eigne interesser og det er behov for det. Lova nemner grunnane:

  • Sinnsliding, som demens
  • Psykisk utviklingshemming
  • Rusmiddelmisbruk
  • Alvorleg speleavhengigheit
  • Alvorleg svekka helse

 

Om den som blir sett under vergemål er i stand til å forstå kva det inneber, skal vedkomande gje skriftleg samtykke. Dette gjeld ikkje om vergemålet omfattar rettsleg handleevne.  Eit vedtak om vergemål skal klårt uttrykke omfanget, kva ein ikkje kan foreta på eigen hand. Det skal ikkje gjerast meir omfattande en nødvendig, og kan omfatte økonomiske og personlege forhold. Omfanget av vergemålet er i vedtaket individuelt tilpassa den einskilde. 

 

Vergen blir oppnemnt, opplærd  og rettleia  av Fylkesmannen. Vedkomande må leggje fram politiattest. Under utøvinga av tenesta er Fylkesmannen også kontrollmyndigheit, da vergen skal legge fram rekneskap over disposisjonane. Godtgjering av tenesten er etter fastsette satsar, i utgangspunktet  dekt av den som er under vergemål. For dei med låg inntekt og lite midlar, blir godgjeringa dekt av Fylkesmannen.

 

Nærare informasjon ligg på Fylkesmannens heimesider.