Kommunestruktur

Nord-Gudbrandsdalen er samansett av små kommunar. Ei ny utgreiing frå Telemarksforskning om tilhøva skulle derfor vera interessant.

Telemarkforskning har gjennomført ei utgreiing om små kommunar.  Spesielt går utgreiinga inn i kommunar med under 3000 innbyggarar.  Utgreiinga  har fokus desse hovudtema:

  • Kompetanse og kapasitet
  • Politisk og administrativ styring
  • Utvikling og innovasjon
  • Interkommunalt samarbeid

Kommunestrukturen i Norge har vore drøfta og utgreidd over lang tid.  Vi har dei siste åra hatt prosessar som gjev kommunesamanslåingar, både av primærkommunar og fylkeskommunar.  Drøftinga og avgjerdene er med bakgrunn i generalistkommuneprinsippet, der alle kommunane skal ha ansvar for same oppgåver og tenester.  Rapporten konkluderer med aukande utfordringar på dette området som fylgje av:

  • Fortsatt nedgang i folketalet
  • Aukande del eldre og færre i yrkesaktiv alder
  • Meir sårbar økonomi som fylgje av færre innbyggarar
  • Auka konkurranse om kvalifisert arbeidskraft og tilgang til kompetanse, særleg på spesialiserte tenesteområde
  • Mangel på kompetanse innan planlegging, digitalisering, utvikling og innovasjon

 

Heile rapporten kan du lese her.