Om Interkommunalt politisk råd for Nord-Gudbrandsdal

Frå 2021 vart Regionrådet Nord-Gudbrandsdal, med heimel i kommunelovas kapittel 18, omgjort til Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal (IPR Nord-Gudbrandsdal). Det er eit samarbeidsorgan mellom kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja samt Innlandet Fylkeskommune. Samarbeidet er formalisert gjennom ei samarbeidsavtale (PDF, 200 kB).

Strategiplan 2025 - 2028, Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal.pdf

 

 

Tilgjengelighetserklæring

Regionrådet Nord-Gudbrandsdal skal fremje regionens interesser gjennom å:

  • Medverke til større openheit, utvikle samarbeidsevner og gjensidig informasjon mellom kommunane.
  • Arbeide for å nå mål og prioriterte tiltak i regionen sin årlege handlingsplan.
  • Leggje til rette for innovasjon i offentleg sektor, samt næringsutvikling med særleg vekt på å:
    • arbeide for gode vilkår for nyetableringar
    • vidareutvikle eksisterande næringsliv
    • arbeide for etablering av offentlege arbeidsplassar
  • Drive politisk interessearbeid overfor overordna myndigheiter i distriktspolitiske spørsmål.
  • Samordne kommunanes høringsuttaler der det er formålstjenleg.
  • Arbeide for interkommunale samarbeidstiltak til beste for regionens innbyggjarar.
  • Arbeide for å profilere regionen som ein attraktiv tilflytterregion.


– Henta frå samarbeidsavtale om «Interkommunalt politisk råd for Nord-Gudbrandsdal».

 

Lurer du på mer om livet i Nord-Gudbrandsdalen?

Gå inn på  www.komtiloss.no. Denne sida har gode tips og råd til deg som ønskjer å flytte til regionen. Her kan du gjera deg betre kjent med kommunane, finne oversikt over ledige stillingar, tips til korleis du kan finne ein stad å bu, informasjon om aktivitetar og mykje anna.