Karrieredagen er eit felles arrangement for heile Nord-Gudbrandsdal. Målet er å gjere rekruttering enklare og synleggjere moglegheiter i regionen.
Dagen består av tre hovudelement:
- Stillingsslepp: Felles utlysing av ledige stillingar i Nord-Gudbrandsdal
- Lærlingsslepp: Utlysing av lærlingplassar
- Jobbmesse: Ein fysisk møteplass der arbeidsgjevarar kan ha stand og møte kandidatar direkte
Program
- Kl. 12:00: Offisiell lansering av stillingsslepp og lærlingsslepp
- Kl. 12:00–14:00: Jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta
Slik deltek du som arbeidsgjevar
- Legg inn stilling eller lærlingplass på www.komtiloss.no frå 7. januar
- Meld deg på med stand til jobbmessa ved å sende e-post til Merethe.olstad.sylte@nav.no så snart som mogleg
- Har du spørsmål? Kontakt prosjektleiar Stian Høglien (Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal):
📧 stian.hoglien@regionkontoret.no | 📞 988 33 723
Alt er gratis for arbeidsgjevarar – du vel sjølv om du vil delta på eitt eller fleire av arrangementa.
Karrieredagen er eit samarbeid mellom Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal, NAV, Karriere Innlandet Gudbrandsdalen, Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, Gudbrandsdal næringsforeining og ni opplæringskontor.
