I møte med dei store klimautfordringane i verda, er det lett å kjenne seg liten. Men i Vågå kommune vert det no sett lys på kor mykje kvar og ein av oss faktisk kan bidra med. Gjennom den nye holdningsskapande kampanjen "Kå kæin e gjera?" vil kommunen auke kunnskapen hjå både innbyggarar og tilreisande om klima og energi – og vise at små, konkrete tiltak i kvardagen kan ha stor betydning i det lange løp.
Kampanjen legg vekt på praktisk informasjon, inspirasjon og lokal forankring, og skal gjere det enklare for folk å ta grøne val – både heime, på jobb og i fritida.
♻️ Kå keinn e gjera? – Ein filmserie om små grep for eit meir berekraftig Vågå
Vågå kommune har vedteke ein Klima-, energi- og miljøplan for å ta vare på naturen, kutte utslepp og styrke lokalsamfunnet for framtida. Men ein plan gjer ingen forskjell om den berre blir liggande i ei skuff.
Difor vil vi gjere planen levande og synleg – for alle. Gjennom korte filmar viser vi konkrete tiltak frå klimaplanens tiltaksdel, og korleis dei kan takast i bruk i kvardagen, heime eller i lokalsamfunnet.
Filmserien "Kå kan e gjera?" handlar om nettopp det – kva kvar og ein av oss kan gjere, på vår måte, for å bidra til eit meir berekraftig Vågå. Små grep. Enkle val. Praktiske eksempel – frå barnehagar og skular til næringsliv, frivillige og privatpersonar.
Målet: Å gjere planen forståeleg, handterbar og engasjerande – og vise at den allereie er i gang med å bli sett ut i livet.
På https://www.vaga.kommune.no/tenester/natur-miljo-og-klima/klima-og-energi/ kan du følje med på dei ulike filmane som vi lagar og lese meir om korleis du kan bidra.
I den fyrste filmen møter vi Marit Svanborg, ny dagleg leiar i NGR.
Visste du at matavfall ikkje er søppel – men ein ressurs?
I Vågå kommune har vi no starta med utsortering av matavfall i alle hushaldningar. Det betyr at bananskal, kaffigrut og grønnsaksrestar kan bli til noko nytt – som biogass og kompostjord.
Kå keinn e gjera - med restane frå i går?
Anna og Idunn viser kor lett – og godt – det kan vere å bruke restemat! I denne episoden tryllar dei fram ein superenkel rett med slappe grønsaker, egg og skinke som har gått ut på dato, og restar frå gårsdagens middag.
Matsvinn er ei stor klimautfordring, men vi kan alle bidra – heime på kjøkkenet. Sjå filmen og få inspirasjon til kva du kan gjere!
Kå keinn e gjera - for å redusere matsvinn?🌱🍎
I Lalm barnehage har dei skjønt det! Barna viser oss kva dei gjer med matavfallet sitt – dei komposterer det!
Kompostering er ein smart og naturvennleg måte å redusere matsvinn på, og barna viser kor enkelt det kan gjerast – sjølv for dei aller minste.
Sjå filmen og bli inspirert til å tenkje nytt om matrestane dine!
Kampanjen er finansiert av Innlandet Fylkeskommune.
