Gudbrandsdalsmusea sitt prosjekt Villreinarven har som formål å hjelpe reiselivsbedrifter med å informere om og utvikle tilbod om rein.
Prosjektet blir avslutta nå i år, og hausten 2024 blir derfor siste moglegheit for reiselivsbedrifter å delta på kurs om villrein.
Kva får du tilbod om?
- Kurs om villreinarven på 4 timar med Norsk Villreinsenter som føredragshaldarar.
- Kjøp av to informasjonstavler à kr 1.000 pr. stk.
- Film om reinen i fleire lengder og på norsk og engelsk, totalt kr 1.000
Meir informasjon og påmelding: nordveggen.no/arrangement
Kurs i Lom:
For å få tilgang til dette, må bedrifta delta på kurs i Lom på Fossberg hotell 29. oktober 2024 kl 9 – 13.
Som eit ekstra tilbod når vi først er i Lom, har vi avtalt eit besøk for dei som ønskjer, hos Norsk Fjellsenter 29. oktober 2024 kl 13.30-16.
Bedrifter som melder seg på kurs, vil få informasjonstavlene overlevert i Lom om dei ønskjer, og så vil dei få lenkje til filmane.
Helsing Solveig Brøste Sletta, solveig@nordveggen.no, 98 88 38 16 Prosjektleiar Villreinarven