Den 5. februar 2025 blir det nytt slepp med spanande stillingar og lærlingeplassar i dei seks norddalskommunane. – Vi byggjer vidare på suksessen frå tidlegare, og inviterer til eit fysisk arrangement med jobbmesse same dag, fortel Stian Høglien, prosjektleiar i Interkommunalt politisk råd i Nord-Gudbrandsdal. Samstundes ønskjer han Universitetsturnëen hjarteleg velkomen som ein del av Karrieredagen.

Oppfordrar lokale bedrifter
Dei siste åra har det vore lyst ut både faste stillingar, vikariat, lærlingeplassar, sommar- og sesongjobbar. – Vi håpar på god oppslutning i år òg, og vi går no ut til bedrifter for å få dei til å melde inn ledige stillingar og lærlingeplassar, seier Høglien med ei klar oppfordring til lokale bedrifter som er ute etter arbeidskraft neste år.
Synleggjer stillingar og læreplassar
Når vi samlar ledige stillingar og lærlingeplassar i ei hending, får vi auka merksemd og vi når ut til fleire jobbsøkarar. – Det er ei fin anledning til å synleggjera dei mange lærlingeplassane i regionen. Det kan òg vera potensielle tilflyttarar til ledige lærlingeplassar. Kanskje kan dette føre til at fleire bedrifter tek inn lærlingar, seier Vibeke Bruun de Neergaard som representerer opplæringskontora i Gudbrandsdalen.
Dette skjer
Det blir ulike arrangement for elevane gjennom dagen. Dagen avsluttast med ein fysisk jobbmesse. – Vi har framleis stor tru på det fysiske møtet mellom arbeidsgjevar og arbeidssøkjar, difor arrangerer vi kvart år jobbmesse, seier Merethe Olstad Sylte, marknadskoordinator for NAV i Nord-Gudbrandsdal.
Mange moglegheiter for alle
Stillingane og lærlingeplassane syner eit stort breidde i arbeidsmarknaden og karrieremoglegheitene i regionen. I tillegg til faste heil- og deltidsstillingar, er det òg mange sesongjobbar. Sistnemnde kan kombinerast med studium og skule. – Eit samla arrangement med ulike aktivitetar har stor betydning for elevane i Nord-Gudbrandsdal, seier Bård Atle Fuglum, yrkesfagkoordinator og rådgjevar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.
Om arrangementet og arrangørane
Stillingssleppet, lærlingesleppet, jobbmessa og universitetsturneen blir arrangert 5. februar 2025, og er eit samarbeid mellom Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal, NAV, Karriere Innlandet Gudbrandsdalen, Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og åtte opplæringskontor. Stillingssleppet og lærlingesleppet finn du på www.komtiloss.no, jobbmessa blir arrangert i kantina på skulen.
Kontaktperson: Stian Høglien, tlf. 98833723, e-post: stian.hoglien@regionkontoret.no