Fellesmøte 20. november 2019

Oppgåvene til kontrollutvala er heimla i kommunelova, kapittel 23.  Kontrollutvala har ei overordna rolle i kontrollarbeidet mot fleire aktørar.

I fellesmøte for alle kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdalen orienterte forskjellige aktørar for arbeidsoppgåver og roller i samanhengen.

SKNGSekretariatet for kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdalen orienterte om oppgåvene i kontrollutvala og rolle i kommunal organisasjon. Kontrollutvala har definerte ansvarsområde, samstundes som dei har sterke rettar til for eksempel innsyn. Utgangspunktet for arbeidet er å vurdere vesentlege tilhøve i den kommunale sektor. Sekretær Morten Sørhage orienterte. (PPTX, 142 kB)

INNLANDET REVISJON IKS

Dei seks kommunane har avtale med selskapet. Dagleg leiar orienterte (PPT, 2 MB) om organisasjonen, revisjonsarbeid og revisjonsoppgåver. 

 

FYLKESMANNEN I INNLANDET

Fylkesmannen i Innlandet v/ Marit Gillebo orienterte om statlege tilsyn og samordning med den kommunale eigenkontrollen.   Marit Gillebo orienterte. (PPTX, 2 MB)

 

INTERNKONTROLL

Konsulent Irene Gundersen frå Vågå kommune orienterte (PPTX, 3 MB) om internkontrollen i kommunane.