Næringspub 11. mars - Næringssamarbeid i Nord-Gudbrandsdal

Næringspub 11. mars

Vi inviterer næringslivet til ein triveleg næringspub med Nordalfjoset pub, med god tid til skravling og litt fagleg påfyll eller inspirasjon. Håper mange tek turen, velkommen!

Dato: Tysdag 11. mars
Tidspunkt: Frå kl. 18.30, programmet startar kl. 19.00

🎤 Program:
•    Velkommen og orientering om nytt regelverk for bruk av næringsfondet v/ næringssjef Åshild Myhre Amundsen
•    Oppstart av gardsgründer v/ Ingrid Eiesar Storbråten i Skåppå 
•    Kven er vi, og kva driv vi med? v/ Oline Horten og Mari Grasbakken i Gudbrandsdal næringsforening 
•    Frå ide til realisering av Eagle Eco Nest Lodge v/ Ingrid Tho
•    Korleis ligg vi an med finansiering av Jotunheimen privatistskule v/ TAFI

🎯 Målgruppe: Bedrifter i Lom og omegn. Næringslivet frå nabokommunane er sjølvsagt velkomne.

Kom og bli med på ein inspirerande kveld med nettverksbygging, læring og gode samtalar!

Næringspuben blir arrangert av Lom kommune i samarbeid med Skåppå og Gudbrandsdal næringsforening.

Det er gratis inngang, men pga servering ber vi om at påmelding via denne lenka, seinast innan 8. mars: 

Vel møtt!