Dette ordnar vi for deg
- Standplass og profileringsmateriell
- Opplegg med quiz, konkurransar og premie
- Mat på stand, overnatting og middag
- Organisering av transport ved behov
Dette må du gjere
- Melde bedrifta di på dei karrieredagane de vil vere med på
- Velje ein person som likar å møte folk og kan vere ein god ambassadør for Gudbrandsdalen
Dette er ei unik moglegheit til å møte studentar og nyutdanna ansikt til ansikt, skape gode relasjonar og samstundes profilere bedrifta di som ein viktig del av Gudbrandsdalens framtid. Ved å delta bidreg du til det felles rekrutteringsarbeidet for regionen, og er med på å vise fram breidda og styrken i næringslivet vårt.
Både kommunar og privat næringsliv kan kjøpe seg inn på stand.
Alle karrieredagar blir lagt ut som eigne arrangement på gudbrandsdalnf.no så snart datoane er klare. Vær obs på at påmelding til karrieredagen ved NMBU i Ås er open no med frist 9. januar.
meld deg på her:
Gudbrandsdalen på campus: NMBU Ås
Du kan ta med brosjyrar og profilartiklar frå bedrifta, men alle deltakarar skal ha same “uniform” (vest/t-skjorte som vi trykker).
Prisen varierer frå studiested til studiested, men ligg mellom 5 000–12 000 kroner per deltakar.
Rabattert pris for medlemmar av Gudbrandsdalen Næringsforening.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Oline på oline@gudbrandsdalnf.no eller telefon 417 66 900.
