Stillingsannonse - 100 % fast stilling som dagleg leiar for Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal (Regionrådet)

Søknadsfrist 01.03.24

Vi søkjer deg som

  • Har evne til å bygge gode nettverk og samarbeidsrelasjonar
  • Vil bidra til ei offensiv og berekraftig utvikling i regionen
  • Vil trivast i rolla som tilretteleggjar for politikarar og kommunar 

 

Om stillinga

  • Arbeide for interkommunale samarbeidstiltak til beste for innbyggjarane og næringslivet i regionen 
  • Initiere politisk interessearbeid overfor fylkeskommunen og statlege nivå i distriktspolitiske spørsmål.
  • Leggje til rette for innovasjon i offentleg sektor 
  • Arbeide for å profilere regionen som ein attraktiv arbeids- og tilflyttarregion 
  • Dagleg leiar rapporterer til politisk leiing i Regionrådet
  • Stillinga er plassert i Regionrådet sine lokale på Otta

 

Arbeidsoppgåver

  • Sikre gode prosessar i regionsamarbeidet
  • Vere administrativt bindeledd mellom Innlandet fylkeskommune og kommunane/regionen
  • Stå ansvarleg for saksframlegg og oppfølging av vedtak i rådet
  • Ha personalansvar for dei tilsette i Regionrådet
  • Ha budsjett- og økonomiansvar

 

Ønskte kvalifikasjonar

  • God kjennskap til politiske prosessar, offentleg forvaltning og sakshandsaming, samt god rolleforståing i samhandlinga mellom administrasjon og politikk
  • Høgare utdanning – gjerne innanfor leiing, økonomi, samfunnsutvikling og innovasjon
  • Erfaring med leiing, rettleiings- og utviklingsprosessar
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Personleg eignaheit blir vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i nært samarbeid med administrativ og politisk leiing i samarbeidskommunane, fylkeskommunen og kompetansemiljø i offentleg og privat sektor 
  • Løn etter avtale
  • Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Søknad

Nærare informasjon om stillinga kan gjevast av regionrådsleiar Harald Sve Bjørndal, tlf. 91 35 58 07 eller dagleg leiar Frode Damstuen, tlf. 90 91 55 01. 

Søknad sendast på e-post til e-post@regionkontoret.no 

For meir info om regionen viser vi til vår heimeside www.nord-gudbrandsdal.no

Kontakt

Frode Damstuen
Dagleg leiar
Mobil 909 15 501
Harald Sve Bjørndal
Regionrådsleiar
Mobil 913 55 807