Arbeider vidare for å få flyplass for el-fly og drone i Nord-Gudbrandsdal

Nord-Gudbrandsdal er den regionen i landet med størst avstand til næraste fast trafikkerte flyplass. Regionrådet Nord-Gudbrandsdal har no vedtatt å engasjera ein prosjektleiar for å arbeide vidare med å etablere ein flyplass for el-fly og drone.

Regionrådet Nord-Gudbrandsdal har som mål å arbeida for å få flyplass for el-fly og drone i Nord-Gudbrandsdal.

I mai 2021 bad regionstyret om å få ein utgreiing for korleis regionen Nord-Gudbrandsdal kan rigga eit prosjekt for å komma i posisjon til raskt å kunna utnytta moglegheita som ligg i ny teknologi innan luftfart for auka mobilitet og sentralitet i regionen.


Presentasjon fra samferdselsutvalget 21.05.2021:
Tor Iversen, faglig leder i Green Flyway. 

Presentasjon som pdf-fil finner du her (PDF, 3 MB)

 

1. oktober vedtok representantskapet å gå vidare med planane. 

 

Følgjande vart vedtatt på møtet:

1. Regionrådet v/ representantskapet gjev dagleg leiar mynde til å inngå avtale med ekstern

prosjektleiar for å gjennomføre fase 1 i arbeidet.

2. Styringsgruppe for arbeidet er regionstyret. Samferdselsutvalet er prosjektgruppe. Dagleg

leiar er prosjektansvarleg.

3. Arbeidet blir finansiert av tidlegare løyvde midlar til næringsutvikling (prosjekt 206 i rekneskapet), inntil kr. 100.000.-

4. Arbeidet blir igangsett 1. oktober 2021

5. Utgreiing av auka bruk av drone-teknologi blir eit delprosjekt under Universitetsregion NordGudbrandsdal utan behov for ei eiga løyving i ei innleiande fase.

Dagleg leiar si tilråding til vedtak vart samrøystes vedteke.

Sjå også:

Møteinnkalling og protokoll for samferdselsutvalget 12. mai 2021.

Møteinnkalling og protokoll for representantskapet 1. oktober 2021.