Alle 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal er med, og vi vil samle alle som melder seg på til felles aktivitetsdagar. I tillegg til å vere eit aktivitetstilbod håper vi at dette og kan bli ein møteplass for pårørande.
Vi ønskjer derfor at foreldre/føresette er med og søsken er også velkomne til å vere med. Målet er at alle får ei positiv oppleving i eit fellesskap. Det er etablert ei eiga prosjektgruppe for prosjektet der det sit foreldre til ungar med spesielle behov, helsesystre, folkehelsekoordinatorar og kommunefysioterapeutar.
Aktivitetane vil bli lagt opp for aldersgruppa 6-26 år.