Møteverksemd

Grunna koronaviruset er nå møteverksemda i kontrollutvala innstilt.

Kommunane har innført restriksjonar i høve møteverksemd og besøk/reiseverksemd mellom kommunane. Vi får håpe at situasjonen snur, slik at vi får ein normalsituasjon snarast råd. 

Kontrollutvalet har ikkje oppgåver som må løysast umiddelbart. Mykje av kontrollverksemda vil utløyse spørsmål til kommunedirektør/administrasjon. Desse er nå hardt belasta av situasjonen. Ei bevisst prioritering er da at framdrifta i kontrollarbeidet blir stilt i bero.