Ledig stilling

Kommunane Sel, Vågå, Lom, Skjåk, Dovre og Lesja har felles sekretærordning for kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdalen. Sekretariatet har ein stillingsheimel på 100 %. Dagens sekretariatsleiar ynskjer å redusere stillinga til 50 %. Vi ynskjer ein ny medarbeidar i den resterande stillingsheimelen. Stillinga vil etter dette kunne bli utvida, etter nærare avtale.

Ansvars- og arbeidsområdet til stillinga går fram av kommunelova, forskrifter fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet samt vedtekter for SKNG. Det samla ansvaret for drifta av ordninga er lagt til et eige styre.

Kontrollutvala fører på vegne av kommunestyra kontroll med den kommunale forvaltninga. Sekretariatet utfører dei operative oppgåvene i arbeidet. I hovudsak utgreier sekretariatet sakene til kontrollutvalet og utfører kommunikasjonen med andre instansar. 

Det er ikkje stilt formelle krav til utdanningsnivå, men det er ynskjeleg med utdanning på høgskulenivå innan økonomi og offentleg forvaltning.  God rekneskapsforståing, erfaring i offentleg forvaltningsarbeid og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Medarbeidaren må ha gode kommunikasjonsevner og evne til å innrette seg etter gjeldande vedtak og instruksar.

Kontorstaden er for tida Midtgard i Lom. Plassering kan etter kvart innrettast etter praktiske tilhøve for den nye medarbeidaren.

 

Tilsetting skjer på vanlige kommunale vilkår etter gjeldande lovverk, avtaler og reglement. Lønn etter avtale. Sekretariatet har pensjonsordning i KLP. Oppstart snarast mogleg.

 

Nærare spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Svein Holen, tlf. 958 74571 eller sekretariatsleiar Morten Sørhage, tlf. 469 11018.

 

Søknad med CV sendast til epostadresse morten.sorhage@lom.kommune eller SKNG, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom innan 20. januar 2020.