Samarbeidsavtale om Regionråd


Samarbeidsavtale vedtatt 09. desember 2016

§ 1:      Deltakarar

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal er eit regionalt samarbeidsorgan mellom kommunane

Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk.

Samarbeidet er organisert med heimel i kommunelovens § 27.

Regionrådet er ein sjølvstendig juridisk einheit.

Nye medlemmer kan takast inn dersom regionrådet sluttar seg til dette.

§ 2:      Formål

Regionrådet er eit politisk organ som skal fremje regionen sine interesser gjennom å :

  • medverke til større openheit, utvikle samarbeidsevna og gjensidig informasjon mellom kommunane
  • arbeide for å nå mål og prioriterte tiltak i regionens årlege handlingsplan
  • leggje til rette for næringsutvikling, med særleg vekt på å
  • arbeide for gode vilkår for nyetableringar

  • vidareutvikle eksisterande næringsliv

  • arbeide for etablering av offentlege arbeidsplassar

  • drive politisk interessearbeid overfor overordna myndigheiter i distriktspolitiske spørsmål.
  • samordne kommunane sine høyringsuttaler der ein finn det tenleg. 
  • arbeide for interkommunale samarbeidstiltak til beste for regionen sine innbyggjarar 
  • arbeide for å profilere regionen som ein attraktiv tilflyttarregion

Dette er ikkje til hinder for interkommunalt samarbeid mellom to eller fleire kommunar på område som ikkje er heimla i samarbeidsavtala.

§ 3:      Regionrådet

Regionrådet er sett saman av 3 medlemmer frå kvar kommune, ordførar, varaordførar og 1 representant frå opposisjonen og 2 representantar frå Oppland fylkeskommune. Begge kjønn skal vera representert frå kvar kommune. Krav om representasjon frå begge kjønn gjeld også som hovedregel for OFK.

Regionrådet kan nytte arbeidsgrupper i samband med førebuing av saker til politisk behandling.

Regionrådet konstituerer seg sjølv, og vel leiar og nestleiar for 2 år om gongen. Desse blir valde blant ordførarane i medlemskommunane.

Regionrådet er vedtaksført når minst 2/3 av dei valde medlemmane frå kommunane møter, og alle kommunar er representert. Vedtaka blir fatta med alminneleg fleirtal av dei avgitte stemmene. Regionrådsleiaren si stemme er avgjerande når det er likt stemmetal i regionrådet.

Regionrådet vedtek budsjett og handlingsprogram som skal fylgje opp eigne mål samt tiltak i Fylkesplanen og Strategisk Handlingsplan for valperioden.

Revidert rekneskap og årsmelding blir behandla av Regionrådet og deretter sendt deltakarkommunane til orientering.

Regionrådet skal ha møte når leiaren bestemmer det eller minst 3 av regionrådsmedlemmene krev det. Det skal utarbeidast møteplan.

Regionrådsleiar skal kalle inn til møte med minst 7 dagars varsel.  Kopi av innkalling skal sendast rådmenn og media.

Rådmenn har møte- og talerett i regionrådet.  Regionrådsleiaren kan og kalle andre inn til møte.

§ 4:      Valkomité

Regionrådet skal ha ein valkomité sett saman av varaordførarane i deltakarkommunane. Valkomiteen konstituerar seg ved starten av valperioden, og vel leiar og nestleiar for

4  år om gongen.

Valkomiteen legg fram flg forslag for Regionrådet:

  • Val av regionrådsleiar

  • Val av nestleiar Regionrådet

  • Politisk valde medlemmar i Samferdselsutvalet og Primærnæringsutvalet.

§ 5:      Arbeidsutvalet

Regionrådet skal ha eit arbeidsutval sett saman av ordførarane i deltakarkommunane. Varaordførarane er varamedlemmar for ordførarane. 

Arbeidsutvalet kan nytte arbeidsgrupper i samband med førebuing av saker til politisk handsaming.

Ein rådmann vald av rådmennene i deltakarkommunane har møte- og talerett.  Regionrådsleiaren kan og kalle andre inn til møte.

Regionrådsleiar skal kalle inn til møte med minst 7 dagars varsel. Kopi av innkalling skal sendast media.

Regionrådsleiaren si stemme er avgjerande når det er likt stemmetal i arbeidsutvalet. 

Arbeidsutvalet kan berre treffe vedtak når minst 5 av kommunane er representert i møtet. 

§ 6:      Faste utval

Regionrådet har to faste utval:  Primærnæringsutvalet og Samferdselsutvalet. Kvart utval har 6 medlemmar.  Regionrådet vel 3 politiske medlemmar til kvart utval. Arbeidsutvalet oppnemnar 3 fagmedlemmar til kvart utval. Leiaren skal veljast blant medlemmar vald av Regionrådet. 

Regionrådet fastset mandat for utvala.

§ 7:      Felles formannskapsmøte

Det skal innkallast til felles formannskapsmøte kvart år. Desse møta følgjer ordinære rutinar for innkalling i den einskilde kommune. Regionsjefen har ansvar for utarbeiding av felles sakliste i samråd med rådmannsutvalet.

§ 8.      Regionadministrasjonen

Regionsjefen førebur og innstiller til vedtak i saker i regionråd/arbeidsutval.  Regionsjefen set i verk tiltak og, følgjer opp vedtekne prosjekt. Regionsjefen utøver arbeidsgjevaransvar på vegne av regionrådet, og har instruksjonsrett for alle faste og engasjerte medarbeidarar ved Regionkontoret.

Regionsjefen er fast medlem av Rådmannsutvalet.

I det regionale arbeidet skal det leggjast vekt på å nytte kommunal kompetanse.

Kontorstad er på Otta i Sel kommune.

§ 9:      Informasjonsarbeid.

Ordførarane og regionrådsmedlemmane, i samarbeid med administrasjonssjefen i den einskilde kommune, pliktar å informere sine kommunestyre og eigen administrasjon om politisk arbeid i regionale fora.

Heimesida til Regionrådet skal det gje oversikt over politiske saker og etablerte prosjekt som er organisert gjennom Regionrådet.

Regionrådet nyttar sosiale media for å informere om aktivitet i tillegg til heimeside.

§ 10:    Økonomi

Regionsamarbeidet blir finansiert av kommunale tilskott og prosjektinntekter.

Kommunale tilskot blir fordelt slik:

  • 50 % fordelast likt

  • 50 % fordelast etter folketal i den einskilde kommune pr. 31.12. siste år.

     

    Framlegg til driftsbudsjett for regionsamarbeidet blir sendt kommunane innan 1. oktober kvart år.

    Kommunane pliktar med årlege driftstilskot  å bidra til finansiering av:

  • drift av regionadministrasjonen.

kostnader vedrørande møte i regionråd,arbeidsutval og andre regionale samarbeidsorgan.

 

Deltaking i samarbeidet føreset at den einskilde kommune til kvar tid følgjer opp sine økonomiske plikter i samsvar med denne avtalen. 

Arbeidsutvalet vel revisor. 

§ 11: Godtgjering

Regionrådet vedtek i samband med budsjettbehandlinga fast økonomisk godtgjering til regionrådsleiar. Årleg godtgjering skal utgjere 3 % av årsløn for stortingsrepresentantar. Dei kommunalt valde medlemmane skal ha skyss- og møtegodtgjering for møter i regionale utval i samsvar med vedtatt reglement. Tapt arbeidsforteneste blir dekt av regionrådet.

Ordførarar og rådmenn skal ikkje ha møtegodtgjering eller godtgjering for tapt arbeidsforteneste.

§ 12:    Regionale tiltaksmiddel.

a) Regionalt Næringsfond.

Regionrådets arbeidsutval er vedtektsmyndigheit og styre for fondet. Fondet er etablert med ein kapital som ikkje blir fornya med årlege innskot.

Regionsjefen er delegert myndigheit etter retningsliner gitt av regionrådet.

b) Partnarskapsfond

Partnarskapsfondet er oppretta med følgjande finansiering som grunnlag:

  • Tilskott frå OFK

Tilskott frå dei deltakande kommunane

Regionrådet saman med OFK sin 2 valde representantar er vedtaksmyndigheit for fondet.

Administrasjon av fondet og tildeling av tilskott følgjer regelverk vedtatt av OFK.

§ 13:    Utmelding av regionsamarbeidet, opphøyr av avtalen.

Den einskilde kommune kan med eitt års skriftleg varsel si opp sitt medlemskap i regionrådet og krevje seg utløyst av det.

Utløysingssummen blir fastsett til kommunen sin del av nettoverdien av midlane i regionrådet ved utløpet av oppseiingsfristen .Den kommunen som trer ut av samarbeidet fortset å hefte for den gjeld det interkommunale samarbeidet må ha på det tidspunktet kommunen går ut av regionsamarbeidet. Herunder kjem moglege framtidige pensjonsforpliktingar for dei tilsette om regionrådet vert nedlagt.

Oppseiinga av deltakinga i regionrådet kan leggjast fram for Kommunal- og regionaldepartementet. 

Ved utmelding pliktar kommunen å yte driftstilskot for det året oppseiinga blir gjort, og for det fyljande budsjettåret.

§ 14:    Endring av samarbeidsavtalen, oppløysing av regionsamarbeidet.

Denne avtalen gjeld for den einskilde deltakar inntil vedkomande melder seg ut, ei ny avtale/endringar i gjeldande avtale blir vedteke eller regionrådet blir lagt ned.

Om ein eller fleire kommunar seier opp avtalen for sin del, gjeld den framleis mellom dei andre.

Samarbeidsavtalen kan evaluerast ved slutten av kvar valperiode. Endringar i avtalen må vedtakast av medlemskommunane.

Blir det gjort vedtak om å leggje ned regionrådet eller det blir att så få medlemmer at regionrådet ikkje lenger fyller sine funksjonar etter samarbeidsavtalen, skal regionrådet og  regionkontoret halde fram verksemda i ein avviklingsperiode.  Dei skal syte for at regionrådet/-kontoret avviklar verksemda ved å gjera opp alle forfalne og uomtvista krav, setja av midlar til å dekke ikkje forfalne krav og/eller omtvista krav, og elles syte for å avvikle verksemda i tråd med dei til kvar tid gjeldande lover og reglar når det  gjeld arbeidsforhold og drifta elles. Til slutt skal netto gjeld herunder framtidige pensjonsforpliktingar eller netto til gode fordelast mellom deltakarane.

 

 

09. desember 2016

 

……………………………………….                      ………………………………………..

Bjarne Eiolf Holø                                                      Elias Sperstad

Ordfører Lom kommune                                           Ordfører Skjåk kommune

 

 

 

……………………………………….                      …………………………………………

Iselin Jonassen                                                           Dag Erik Pryhn

Ordfører Vågå kommune                                          Ordfører Sel kommune

 

 

 

………………………………………..                     ………………………………………….

Bengt Fasteraune                                                       Mariann Skotte

Ordfører Dovre kommune                                         Ordfører Lesja kommune

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut
Dovre Klarvær -10
Lesja Klarvær -8
Lom Klarvær -7
Sel Klarvær -7
Skjåk Klarvær -5
Vågå Klarvær -6