Regionrådet Nord-Gudbrandsdal takkar arbeidsgivarane som har deltatt i årets slepp. At så mange vel å delta og lysa ut ledige jobbar, viser at næringslivet i regionen har mykje positivitet og at mange tør å satse. Det har vore eit utfordrande år for mange av bedriftene i regionen vår, og vi håper at Stillingssleppet har vore eit positivt bidrag for å hjelpe til med rekrutteringa av nye medarbeidarar.
79 % av arbeidsgivarane svarer at dei er svært eller ganske fornøgde med gjennomføringa av årets slepp, og 87 % svarer at det er "ganske sannsynleg" eller "svært sannsynleg" at dei kjem til å delta i eit framtidig stillingsslepp.
Stillingssleppet skal synleggjere at ein ikkje treng å bu i storbyen for å ha gode jobb- og karrieremoglegheiter. Vi lyt vise folk at dei kan finne drøymejobben på bygda, og i tillegg bu landleg i ein av Noregs vakraste fjellregionar.
SSB la nyleg fram befolkningsstatistikk for andre kvartal 2021, og tala viser at utflyttinga frå storbyane fortset. Nord-Gudbrandsdalsregionen hadde netto tilflytting på 7 personar i andre kvartal. Samla sett gjekk folketalet litt ned, men det ble registrert 154 tilflyttingar til kommunane i Nord-Gudbrandsdal.
Fakta om Stillingssleppet
- Årleg utlysing av ledige stillingar i region Nord-Gudbrandsdal
- Målet er å auka tilflytting og fleire innbyggarar.
- Stillingssleppet skal gjera det enklare å finne jobb til to og få fleire stillingar offentleggjort
- Det er gratis for arbeidsgivarar å delta.
Konklusjon og hovudfunn i evalueringsrapporten
- Arbeidsgivarar er i all hovudsak fornøgd med gjennomføringa av Stillingssleppet 2021. 79 % svarar at dei er "svært fornøgd" (28 respondentar) eller "ganske fornøgd" (41 respondentar) med gjennomføringa av årets slepp.
- 49 % av arbeidsgivarar svarer "nei" på spørsmål om Stillingssleppet førte til nye tilsette, 30 % svarer "ja" og 21 % svarer "anna" eller "usikker".
- Det totale talet nytilsette som følgje av stillingssleppet er 67 (summert) .
- Eit fleirtal av dei som vart tilsett (40 +) var busett i regionen, og 16 av dei nytilsette var busett utanfor regionen .
- 87 % av arbeidsgivarar opplyser at det er "svært sannsynleg" eller "ganske sannsynleg" at dei kjem til å delta i eit framtidig stillingsslepp. Berre 2 % svarer at det er "ganske usannsynleg" eller "svært usannsynleg" at dei kjem til å delta i eit framtidig stillingsslepp.
- 77 % av arbeidsgivarane svarar at dei er "svært fornøgd" (28 respondentar) eller "ganske fornøgd" (39 respondentar) med informasjonen dei har mottatt i samband med Stillingssleppet 2021.
- På spørsmål om kva tidspunkt som passar best for stillingsslepp, svarer fleirtalet "mars" (31 respondentar, 26 %), med "februar" og "april" som alternativ nr. 2 (22 respondentar på kvart av alternativa, 18 %). 21 av arbeidsgivarane har kryssa av for at tidspunkt er "ikkje relevant/uvesentleg".
Antall inn- og utflyttinger fra kommunene i Nord-Gudbrandsdal
Kilde: SSB/befolkning
Antall innbyggere i kommunene i Nord-Gudbrandsdal etter 2021 K2
Kilde: SSB/befolkning
Se også:
Stillingssleppet 2021 – statistikk (PDF, 786 kB)
Evalueringsrapport arbeidsgivere stillingssleppet 2021 (PDF, 827 kB)