Stillingssleppet 2018: 170 ledige stillingar i Nord-Gudbrandsdal!

Den 11. desember 2018 vart eit rekordstort Stillingsslepp i Nord-Gudbrandsdal publisert på www.komtiloss.no.

Klikk for stort bilde

Årets slepp har rekordmange 170 ledige stillingar. Næringslivet er godt representert, med mange stillingar i alle seks kommunane.

Og breidda i stillingane er stor: Her er det stilling som psykolog, tømrar, sjukepleiar, revisor, moskusguide, røyrleggar, ingeniør, webutviklar, barista, og mykje meir. Det er moglegheiter for dei fleste!

Det er Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal som har hatt ansvaret for Stillingssleppet i år, og stillingane publiserast på vår tilflyttingsside, komtiloss.no.

Kanskje finn du den jobben du er på leit etter i Nord-Gudbrandsdal? Eller kanskje nokon du kjenner bør sjå kva Stillingssleppet byr på?

Gå inn på www.komtiloss.no, og del den med dei du meiner bør ta ein titt på alle moglegheitene i Nord-Gudbrandsdal!