Klarsignal for nye Gudbrandsdal Slakteri

Nye Gudbrandsdal Slakteri, slik det kan komma til å sjå ut. kjøttbransjen.no (attgitt med løyve)   Torsdag 7. oktober vart eigarskapet i Gudbrandsdal Slakteri AS presentert. Dette betyr at dei fire kommunane som har lagt grunnlaget for eit utleigebygg har kome eit langt steg vidare for å beslutte byggjestart. Jæder, Grilstad og lokale produsentar skal drive slakteri og foredling i anlegget. Det skal til saman investerast 300 millionar kr.

Gudbrandsdal Slakteri Logo - Klikk for stort bildeEtableringa av Gudbrandsdal Slakteri vil truleg skapa over 50 nye arbeidsplassar. Gudbrandsdal Slakteri  – Det er svært gledeleg at prosessen har kome så langt. Det hadde ikkje skjedd utan iherdig lokal innsats, seier Bjarne Eiolf Holø, leiar av Regionrådet Nord-Gudbrandsdal.

Regionrådet Nord-Gudbrandsdal har hatt rolla som initiativtakar og tilretteleggjar i prosessen med å få etablert eit nytt slakteri i Nord-Gudbrandsdal.

– Prosessen starta omgåande etter kunngjeringa om at Nortura vurderte nedlegging av Nortura Otta. Det har vore ein lang og omfattande jobb, og vi er no svært glade for at arbeidet har gjeve resultat, seier Holø.

Holø meiner auka fokus på lokalmat, god dyrevelferd og kortreiste produkt, gjer at eit nytt, lokalt slakteri treffer tidsånda godt. I tillegg gjev det nye slakteriet gode moglegheiter for både alt etablerte- og nye bedrifter innan, t.d. foredling av lokalmat.

 

Skal skape over 50 nye arbeidsplassar i regionen

For regionrådet som har arbeidsplassutvikling som eit primærområdet har det vore lett å leggje mykje tid og engasjement i denne saka. Det nye slakteriet vil truleg gje over 50 nye arbeidsplassar, og det er gode moglegheiter for at det blir endå fleire gjennom foredling og lokalt reiseliv. – Vi har sterk tru på at dette vil skapa gode ringverknader og fleire arbeidsplassar i lokalsamfunnet, avsluttar Holø.

 

Prosessen rundt Gudbrandsdal Slakteri så langt


2019

27. mai: Nortura melder om at dei vurderer å ruste opp storfeprosessen på Rudshøgda (fjøs, slakting, skjæring) med siktemål om ein avvikling av fabrikken på Otta. Otta-anlegget er det einaste full-skala-slakteriet i Oppland og slaktar om lag 18000 storfe pr. år. Nortura Otta gjekk med over 40 millionar i overskot i 2018, og Nortura Otta er eit av Norturas mest lønnsamme anlegg.

27. mai: Arbeidsutvalet Regionrådet Nord-Gudbrandsdal vedtek å "starte ein politisk motivasjonsprosess for å bevare Norturaanlegget på Otta".

29. mai: Stort folkeleg engasjement etter signala frå Nortura: 1900 personar har signert eit opprop i regi av Oppland Bonde- og Småbrukarlag om å oppretthalde Nortura-fabrikken på Otta.

14. juni: Orientering og drøfting i regionrådet av strategi for arbeidet framover. Det vert avgjere å etablere prosjektet "Bevar Nortura Otta" med følgande Styringsgruppe: Iselin Vistekleiven (regionrådsleiar), Dag Erik Pryhn (ordførar i Sel), Mariann Skotte (ordførar i Lesja), Bjarne Eiolf Holø (ordførar i Lom), Elias Sperstad (ordførar i Skjåk), Oddny Garmo (ordførar i Dovre), Rune Støstad (ordførar i Nord-Fron), Ole Bjørner Flittie (Oppland Bondelag), Trond Klaape (Oppland Bonde og småbrukarlag), Therese Nyøygard (leiar av Ungdommens regionråd).

Det vert satt ned følgande arbeidsgruppe: Dag Erik Pryhn (vertskommuneordførar), Frode Damstuen, (dagleg leiar i Regionrådet Nord-Gudbrandsdal), prosjektleiar (ekstern) – Tommy Rudihagen vert engasjert til å drive prosessen for styringsgruppa.

I regionrådsmøtet vert det peikt på viktigheita av at Regionrådet engasjerer seg i saken. Etter første møte i styringsgruppa vert det utarbeida ein strategi for å nå målet med å bevare Nortura-anlegget på Otta – primært med tanke på å påverka Norturas avgjerdsprosess slik at Otta- avdelinga bevarast og styrkast.

Viktige moment som vert vektlagt i arbeidet: dyrevelferd, Otta-anleggets omstillings- og innovasjonsevne, sterk oppslutning frå leverandørane i Gudbrandsdalen, klimaavtrykket, økonomiske resultat på Ottaanlegget. m.m. I tillegg til det politiske/offentlege engasjementet vert det etablert aksjonar gjennom sosiale medium, og desse skapte stort engasjement; "Bevar Nortura Otta" og "Kua mi får du aldri" var synlege med mange følgjarar. Etter kvart fekk kampen om å behalda Nortura på Otta nasjonal merksemd.

November: Folkeleg engasjement og protestar. Rundt 1000 innbyggarar møtte opp på Otta for å demonstrere mot nedlegging av Nortura-anlegget.

5. desember: Nortura kunngjer avvikling av Nortura Otta, og 63 tilsette mistar jobbane sine.

6. desember: Den 6. desember samla arbeidsgruppa seg på nytt og starta arbeidet med "plan B": Å etablere Gudbrandsdal Slakteri – med eller utan Nortura. Gruppa består av Anders Formo, Bjarne Eiolf Holø, Eldri Siem, Frode Damstuen, Terje Jonny Sveen og Tommy Rudihagen.

10. desember: Oppland fylkeskommune gjorde vedtak, den 10.12.19 om å løyve kr. 1 million til Sel kommune for at kommunen og regionen kunne "gjøre et grundig arbeid med tanke på etablering av ny aktivitet og arbeidsplasser".

11. desember: Arbeidsgruppa har innleiande møte med Fatland Slakteri.

13. desember: Orientering i Regionrådet Nord-Gudbrandsdal om status for arbeidet så langt. Regionrådet slutta seg til forslag til organisering av videre arbeid for slakteri på Otta med slik overordna mål: "Å etablere ei lønsam slakteri- og foredlingsverksemd for Gudbrandsdalen og tilstøytande tilførselsområder, og bidra til at større del av verdiskapinga i verdikjeda kjem lokalsamfunnet til gode".

 

2020

11. februar: Med bakgrunn i løyvinga frå fylkeskommunen vart det inngått ei oppdragsavtale mellom Sel kommune og Regionrådet. Prosjekteigar i fase 1 var Regionrådet Nord-Gudbrandsdal.

April: Selskapet Gudbrandsdal Slakteri AS vart skipa av regionrådet, med ein aksjekapital på 30 000 kroner fordelt på 30 aksjar. Plan var at vidareføring av arbeidet for realisering av nye Gudbrandsdal Slakteri skulle skje i dette selskapet. Etablering og drift av slik verksemd er utanfor kva som skal være Regionrådets verksemd. Regionrådets eigarskap var derfor midlertidig. Med bakgrunn i dette vart aksjane til Regionrådet seld til kjøttprodusentar som var deltakande i det som vart omtalt som produsentgruppa. Aksjane vart seld til same verdi som ved stifting.

29. mai: Ressursgruppe beståande av åtte lokale produsentar vert etablert. Medlemmer av gruppa er: Hans Petter Vaberg (Vågå), Therese Rudi (Ringebu), Odd Arne Myromslien (Nord-Fron), Tomas Stebergløkken (Heidal), Erling Lusæter (Heidal), Ola Kjorstad (Sør-Fron), Ellen Syse (Lesja) og Rolv Vaagaasar (Bøverdalen). Om lag 500 gardbrukarar har signalisert at dei ynsker å levere til nytt slakteri.

18. juni: Gudbrandsdal Slakteri byr 60 millionar for Nortura sin bygningsmasse på Otta. Nortura avvisar bodet.

13. juli: Drifta vert avslutta ved Nortura Otta.

Desember: Kommunale vedtak om å skyte inn kapital i eit nytt slakteribygg:
- Sel kommune: 20 millionar kr.
- Vågå kommune 12 millionar kr.
- Lom kommune 3 millionar kr.
- Nord-Fron kommune 3 millionar kr.

8. November: Informasjonsmøte for kommunestyrene i Nord- og Midt-Gudbrandsdal:

 

 

2021

12. februar: Jæder og Fatland går inn med til saman 60 millionar kroner i Gudbrandsdal slakteri AS.

Mai: Sel kommune aukar innskotet til 25 millionar kr. Vågå kommune vedtar å skyta inn fem nye millionar.

Vår/sommar:  Emisjon med moglegheit for å teikna seg som aksjonær i nye Gudbrandsdal Slakteri. Godt over 300 produsentar, bedrifter og privatpersonar teiknar aksjar i selskapet.

August: Styret i Gudbrandsdal Slakteri får framlagt nedskalte planer for bygningsmassen, da for å komme i mål innanfor fastsatte investeringsrammer tross auka material- og byggekostnader.

1. oktober: Jæder går inn med 10 millionar i egenkapital i Gudbrandsdal Slakteri AS, og vert midlertidig majoritetsaksjonær.

7. oktober: Kunngjering om at planane om Gudbrandsdal Slakteri blir realisert. Grilstad kjem med på eigarsida, samtidig som Fatland velg å gå ut. Både slakting, skjering og foredling av storfe og småfe skal gå føre seg på det nye slakteriet. Totalramme for prosjektet er framleis om lag 300 millionar kr.

Oktober: Grunnarbeid på slakteritomta startar opp. Oppstart av bygginga er planlagt til 2022.

 

Om industriaktørane

Jæder Ådne Espeland AS er ei kjøttforedlingsverksemd med hovudkontor på Jæren, etablert i 1896. Selskapet leverer produkt til storhusholdningsmarknaden. Selskapet hadde i 2019 ei omsetning på 670 millionar kroner og ein eigenkapital på 200 millionar kroner.

Grilstad fabrikkar AS er ein av Noregs største private produsentar og marknadsførarar av kjøttvarer, med ei omsetting på oppunder 2 milliardar kroner per år. Bedrifta forvaltar merkevarer som Grilstad, Stranda, Tind og Bredrup, og har hovudfokus på spekemat, pålegg og kjøtt.